Fotoalbum treskoproduksjon

Demma I toppen av dalen har dei bygd ei dobbel steindemme med luke. Frå demma går det eit turbinrøyr ned til sjølve turbinen, som ligg i eine enden av fabrikkbygninga.

Turbinen Frå demma går det eit turbinrøyr ned til sjølve turbinen, som ligg i eine enden av fabrikkbygninga. Det er ein Francis-turbin, bygd for lågt fall. Frå turbinen går det kraftoverføringar til alle dei ulike maskinene i fabrikken, med lange akslingar og reimover-føringar. Luka oppe i demma sto nesten alltid open, slik at det var trykk i røyret. Når dei opna ventilen i turbinen, sette hovuddrivverket i gang. Dei einskilde maskinene vart kopla inn etterkvart som dei vart nytta.

Saga Vinsjen er vassdreven som alle dei andre maskina i fabrikken. Tidlegare var det eit handdreve spel, ein stor stokk med eit hjul som dei drog med handamakt. I gamle dagar kom tømmeret med jekter, seinare er det komme med fraktebåtar og i dag med bil. Stokkane vert plassert i pollen nedanfor fabrikken. Sidan vart dei trekte opp ettersom dei trong dei. Det var ein føremon at stokkane låg i sjøen, for då heldt dei seg betre. På saga vart stokkane skorne opp i lange emner i passande tjukkleik, som gjekk vidare til ei sag som kappa dei opp til treskoemner. Denne saga er å finne i fabrikken men er ikkje i drift. Treskoemna gjekk så vidare til bandsaga.

Bandsaga I bandsaga vart emna grovskorne. Til dette arbeidet måtte dei ha mal, "skant" etter dei ulike storleikane og modellane. Det gjekk etter engelske tommemål, innvendig målt. Minste nummeret var 6, og so gjekk det eit kvart nummer oppover for kvar storleik, heilt opp til elleve og ein halv. Skantane ligg i hyller, ordna etter storleik og modell. Det var to ulike modellar: Sogn og Stril. Det var to skantar for kvar sko, ein frå sida og ein med "fotsåla". Så måtte det skjerast ein høgre- og ein venstre-sko.

Tresko modeller Det har vore brukt to modeller, stril og sogning. Sognamodellen er litt breiare enn Strilemodellen. Dessutan hadde den litt meir svung i tåa. Tidlegare var det skantar til båe modellane, men Sognemodellen gjekk ut av produksjon i seinare år. Det var mykje ekstraarbeid å halde på med to modellar.

Kopieringsmaskina Etter grovskjering hamna emnet i kopieringsmaskina. Dette er ei maskin som formar nye emne etter ein originalmodell. Originalen står fastspent i maskina, og ein "førar" sørger for at maskina freser ut dei nye skorne nøyaktig som originalen. Det var roterande knivar som skar. I fabrikken er det to slike kopierings-maskiner. Kopieringsmaskina var slik at den laga to sko av gongen, ein høgre- og ein venstresko. Frå kopieringsmaskina gjekk skorne til bandsaga igjen. Der vart endane der skoen hadde vore festa i maskina kappa reine. Då var det utvendige grovarbeidet gjort. No skulle skorne utholast. Til det vart det nytta to ulike maskiner. Fyrst gjekk skorne til ei "iferåmaskin", - den som var for ifar.

Ifarmaskina Når skoemnet kom fram til ifarmaskina var det utvendige grovarbeidet gjort. No skulle skorne utholast - d.v.s laga sjølve opninga i skoen. eller den som var for ifar. Her var det mange innstillingar. Du måtte ta høgre- og venstresko kvar for seg, dessutan skulle du stille tjukna på solen. Når ifaret var ferdig, gjekk turen vidare til boremaskina.

Boremaskina Med boremaskina arbeidde ein seg fram i skoen. Denne maskina arbeidde også med følar etter ein original (skoen i midten). Når du var framme i tåa, stogga maskina av seg sjølv, so du ikkje gjekk for langt. Neste steg på veien til ferdig sko var pussemaskina.

Pussemaskin No skal skorne pussast, både inni og utanpå. Frå byrjinga har dei nok pussa for hand, men etterkvart vart det skaffa ei pussemaskin som også vert dreve med vasskraft. Det er ei bandpussemaskin. Bandet går mellom to hjul der ein kan regulere stramminga, og så er det eit hjul i midten til anlegg. Inni skorne vart det nytta jarn. Det var eitt jarn for botn, så var det eitt for sidene, og til slutt var det å ta tollekniven og glatte kantane. Det var viktig at det ikkje var flisar inni skorne! Det var ikkje lett arbeid, for det skulle skje så fort.

Lakking Etter at pussinga var ferdig, vart skorne lakka med treskolakk. Lakken var heilt svart. Til dette arbeidet hadde ein ikkje anna utstyr enn eit stativ å setje skoen på, ei lakkbøtte og kost. Dette arbeidet gjekk alltid føre seg på loftet. Det er lett å sjå, for golvet der oppe er enno heilt svart av lakk. Me lakka skorne berre på sida utanpå. Under var dei heilt ubehandla. Og då er treskoen ferdig og ligg her på lager.

Stril og sogning Og her er dei, tå mot tå. Stril (til venstre) - og Sogning.

Slipemaskin for handverktøy I produksjonen vert det brukt ulikt verktøy i maskiner, og handverktøy og desse må kvessast på slipemaskina.

Maskin for produksjon av skaft Etter krigen gjekk det gradvis nedover med tresko-produksjonen. Det vart då sett igang produksjon av skaft til ulike reiskap. Det var til øks, sleggje, hammar og grafse. Til denne produksjoner kunne ein ikkje nytte furutre. Det var ask, og mesteparten kom frå Hardanger og Osterfjorden. Fabrikken leverte skaft til handelsmenn, vegvesenet, telegrafverket og andre. Produksjonen av tresko og skaft tok slutt i slutten av 1960-åra.

Bli med på produksjon av tresko i denne fotoserien som starter med demma, og røyrgata som fører vatnet ned til turbinen. Via eit system av drivreimer blir både saga, båndsaga, vinsj, kopierings-, ifar- , bore-, pusse-, slipe- og skafte-maskinadrivne med vannkraft.

Trykk på "Start bildevisning" og deretter "Fullskjerm" og sjå samstundes tekst til bileta.

Foto: Scandion

Nyeste kommentarer

14.06 | 12:40

Var en tur innom fabrikken og fikk en demonstrasjon. Helt fantastisk hva de fikk til uten strøm, men med bare vannkraft. Rene skjære Reodor Felgen fabrikk.

17.05 | 11:52

Treng eit par tresko st.44,med "svung" i tåa. Svarte på utsida,til arbeid. Kan de senda dei?

09.06 | 09:11

Kan en kjøpe et par tresko, type Stril, de skal brukes til dekorasjon

02.11 | 09:13

Hvordan har et slikt anlegg klart å overleve urørt i de 40 årene som har gått i fra bedriften pakket sammen og frem til det ble fredet? Utrolig!