Treskoproduksjon

Bli med på produksjon av tresko i denne fotoserien som starter med demma, og røyrgata som fører vatnet ned til turbinen. Via eit system av drivreimer blir både saga, båndsaga, vinsj, kopierings-, ifar- , bore-, pusse-, slipe- og skafte-maskinadrivne med vannkraft.

Bilete frå produksjonen
Foto: Scandion.


Demma.
I toppen av dalen har dei bygd ei dobbel steindemme med luke. Frå demma går det eit turbinrøyr ned til sjølve turbinen, som ligg i eine enden av fabrikkbygninga. Det er ein Francis-turbin, bygd for lågt fall. Frå turbinen går det kraftoverføringar til alle dei ulike maskinene i huset, med lange akslingar og reimoverføringar. 



Del av turbinen.
Frå demma går det eit turbinrøyr ned til sjølve turbinen, som ligg i eine enden av fabrikkbygninga. Det er ein Francis-turbin, bygd for lågt fall. Frå turbinen går det kraftoverføringar til alle dei ulike maskinene i fabrikken, med lange akslingar og reimoverføringar. Luka oppe i demma sto nesten alltid open, slik at det var trykk i røyret. Når dei opna ventilen i turbinen, sette hovuddrivverket i gang. Dei einskilde maskinene vart kopla inn etterkvart som dei vart nytta. 



Saga.
I den tida Magne Sellevåg har arbeidd ved treskofabrikken, har ein nytta vinsj for å dra tømmeret inn på saga. Vinsjen er vassdreven som alle dei andre maskinane i fabrikken. Tidlegare hadde dei eit handdreve spel, ein stor stokk med eit hjul som dei drog med handamakt. Det er borte no, men Magne hugsar det. Idag får han det meste av tømmeret med bil, men det blir likevel liggande i sjøen til det går inn på saga. På saga vart stokkane skorne opp i lange emner i passande tjukkleik, som gjekk vidare til ei sag som kappa dei opp til treskoemner. Denne saga er å finne i fabrikken men er ikkje i drift. Treskoemna gjekk så vidare til bandsaga. 



Bandsaga.
I bandsaga vart emna grovskorne. Til dette arbeidet måtte dei ha mal, "skant" etter dei ulike storleikane og modellane. Det gjekk etter engelske tommemål, innvendig målt. Minste nummeret var 6, og so gjekk det eit kvart nummer oppover for kvar storleik, heilt opp til elleve og ein halv. Skantane ligg i hyller, ordna etter storleik og modell. Det var to ulike modellar: Sogn og Stril. Sognamodellen var litt breiare enn Strilemodellen. Dessutan hadde den vel litt meir svung i tåa. Tidlegare var det skantar til båe modellane, men Sognemodellen gjekk ut av produksjon i seinare år. Det var jo mykje ekstraarbeid å halde på med to modellar. Arbeidet i bandsaga måtte gå fort. Det var ikkje tid til å teikna omriss på skoen på emnet. Ein la berre skantane på emnet og skar. Det var to skantar for kvar sko, ein frå sida og ein med "fotsåla . Så måtte det skjere ein høgre- og ein venstresko, og det måtte gå lynraskt. Fyrst skar ein profilen frå sida, og ein måtte sjå etter i full fart kvar det var kvist, for det måtte vekk. Så bar ferda vidare til kopieringsmaskina. 



Kopieringsmaskina.
Etter grovskjering hamna emnet her i kopieringsmaskina. Dette er ei maskin som formar nye emne etter ein originalmodell. Originalen står fastspent i maskina, og ein "førar" syter for at maskina fresar ut dei nye skorne nøyaktig som originalen. Det var roterande knivar som skar. I fabrikken er det to slike maskiner. Dei laga to skor av gongen, ein høgre- og ein venstresko. Frå kopieringsmaskina gjekk skorne til bandsaga igjen. Der kappa ein reine endane der skoen hadde vore festa i maskina. Då var det utvendige grovarbeidet gjort. No skulle skorne utholast. Til det nytta ein to ulike maskiner. Fyrst gjekk skorne til ei "iferåmaskin", eller den som var for ifar. 



Magne Sellevåg i ifarmaskina.
Når skoemnet kom fram til ifarmaskina var det utvendige grovarbeidet gjort. No skulle skorne utholast - d.v.s laga sjølve opninga i skoen. eller den som var for ifar. Her var det mange innstillingar. Ein måtte ta høgre- og venstresko kvar for seg, dessutan skulle ein stille tjukna på solen. På store sko var solen tjukkare enn på små. Når ifaret var ferdig, gjekk turen til boremaskina. 



Magne Sellevåg i boremaskina.
Når ifaret var utfrest, gjekk turen vidare til boremaskina. Her arbeidde ein seg fram i skoen. Denne maskina arbeidde også med følar etter ein original (skoen i midten). Når ein var framme i tåa, stogga maskina av seg sjølv, so ein ikkje gjekk for langt. Neste steg på vegen til ferdig sko var pussemaskina. 



Pussemaskin.
I maskinene har ein fått gjort grovarbeidet. No skal skorne pussast, både inni og utanpå. Frå byrjinga har dei nok pussa for hand, men Joachim, far til Magne, skaffa ei pussemaskin som også vert drive med vasskraft. Det er ei bandpussemaskin. Bandet går mellom to hjul der ein kan regulere stramminga, og så er det eit hjul i midten til anlegg. Inni skorne nytta dei jarn. Det var eitt jarn for botn, så var det eitt for sidene, og til slutt var det å ta tollekniven og glatte kantane. Det var viktig at det ikkje var flisar inni skorne! Det var ikkje lett arbeid, for det skulle skje så fort. Etter at pussinga var ferdig, vart skorne lakka med treskolakk. Lakken var heilt svart. Til dette arbeidet hadde ein ikkje anna utstyr enn eit stativ å setje skoen på, ei lakkbøtte og kost. Dette arbeidet gjekk alltid føre seg på loftet. Det er lett å sjå, for golvet der oppe er enno heilt svart av lakk. Ein lakka skorne berre på sida utanpå. Under var dei heilt ubehandla. Og då er treskoen ferdig og ligg her på lager. 



Lager med nylakka tresko. 




Og her er dei, tå mot tå. Stril (til venstre) - og Sogning. 



Modeller av tresko.  



Maskin for produksjon av skaft.

Etter krigen gjekk det gradvis nedover med treskoproduksjonen. Det vart då sett igang produksjon av skaft til ulike reiskap. Det var til øks, sleggje, hammar og grafse. Til denne produksjoner kunne ein ikkje nytte furutre. Det var ask, og mesteparten kom frå Hardanger og Osterfjorden. Fabrikken leverte skaft til handelsmenn, vegvesenet, telegrafverket og andre. Ofte vart det leverte tresko og skaft parallelt. Produksjonen av tresko og skaft tok slutt i 1960-åra. Sidan kom det eit lite oppsving i etterspurnaden. Dei ville ha det som ein slags husflidsartikkel, til rosemåling. Det har vore folk her som ynskte å nytte tresko til blomsterdekorasjonar også. Dei var ikkje så opptekne av kvaliteten, kunne gjerne ta sko med kvistar og feil.



Slipemaskin for handverktøy.

I produksjonen vert det brukt ulikt verktøy i maskiner, og handverktøy må kvessast på slipemaskina.



Fres.


Ja, då gjenstår berre ein ting. 

Å ta turen innom treskofabrikken og med eigne auge sjå korleis produksjonen gjekk føre seg. 
Alt står her som folk nyss har gått ut døra. 
Saga er framleis i bruk, ei av dei siste drivne med vasskraft. 
Sjå på demma, - dei kunne mure, dei gamle. 
Røyrgata, klinka med gloande jernboltar og klingande hamrar. 
Vasstraumen mot turbinskovlane, - akslingar - reimar. 
Maskiner som produserte 60000 treskopar i året. 
Spon på golvet. 
Sogning og stril.  



Foto: Scandion.

 

Arnt Andre 14.06.2017 12:40

Var en tur innom fabrikken og fikk en demonstrasjon. Helt fantastisk hva de fikk til uten strøm, men med bare vannkraft. Rene skjære Reodor Felgen fabrikk.

| Svar

Nyeste kommentarer

14.06 | 12:40

Var en tur innom fabrikken og fikk en demonstrasjon. Helt fantastisk hva de fikk til uten strøm, men med bare vannkraft. Rene skjære Reodor Felgen fabrikk.

17.05 | 11:52

Treng eit par tresko st.44,med "svung" i tåa. Svarte på utsida,til arbeid. Kan de senda dei?

09.06 | 09:11

Kan en kjøpe et par tresko, type Stril, de skal brukes til dekorasjon

02.11 | 09:13

Hvordan har et slikt anlegg klart å overleve urørt i de 40 årene som har gått i fra bedriften pakket sammen og frem til det ble fredet? Utrolig!