Riksantivaren fredar Sellevåg Tresko­fabrikk 12.august 2012
Fabrikken er unik og av nasjo­nal verdi, sa riks­antikvar Jørn Holme då han ­overrekte ­papira
Strilen skriv: Eit anlegg av nasjonal verdi

GULEN: Søndag vart Sellevåg Tresko­fabrikk i Gulen formelt freda. Fabrikken er unik og av nasjo­nal verdi, sa riks­antikvar Jørn Holme då han ­overrekte ­papira.

Av Livar Aksnes, avisa Strilen

Sellevåg Treskofabrikk var i drift frå 1899 til 1975, og då produksjonen var på topp, vart det laga 60.000 par tresko i året. Meste­parten vart selt i Bergen, men i heile distriktet vart det bruk tresko laga i Sellevåg, ei lita bygd ved Brand­anger­sundet.

Det unike med anlegget i Sløvåg er at heile anlegget er intakt, med demning, røyrgate, maskiner og det heile. Det kan framleis produserast tresko der. Og det er nok og grunnen til at anlegget no har kome inn på Riksantikvaren si liste over ferda kulturminne.

Ros til familien
– Dette er ein historisk dag, ikkje berre for distriktet, men for heile nasjonen, sa riksantikvar Jørn Holme før han overrekte diplom og dei synlege bevisa på at anlegget no er freda til eigar Magne J. Sellevåg.

Holme rosa eigaren og fami­lien for den innsatsen dei har gjort for å ta vare på anlegget.

– Det er sjeldan ein møter ein familie som så aktivt har gått inn for freding.

Holme gav og honnør til Sogn og Fjordane fylkeskommune for arbeidet dei har lagt ned. Det er fyl­keskommunen som har føre­budd fredinga, og dei har og for­val­t­nings­ansvar for eigedommen.

Nær fortid
Holme sa at tidlegare har Riksantikvaren vore meir oppteken av å freda bygningar og anna som er svært gamle. Men i dag er ein like opptekne av å ta vare på ting som ikkje er så gammalt.

– Det er viktig å ta vare på vår nære fortid og. Noreg var lenge eit fattig land, og dei fleste av oss stammar frå husmenn og ar­beids­folk, sa Holme.

Lenge var haldninga å riva alt som minna om slitet og fattigdommen, men no har dette endra seg.

Ny produksjon
Nett no kan det ikkje produserast tresko i Sellevåg, fordi turbinen som driv alle maskinene, man­glar, men når det er på plass om ei vekes tid, kan ein laga tresko der.

– Og målet vårt er at det fram­leis skal lagast tresko her, sa Holme.

Han kunne opplysa at Riksantikvaren har løyvt 5,3 mil­li­onar kroner til anlegget, og ein del av desse pengane skal nyttast til å skilta anlegget betre, slik at folk finn fram til fabrikken.

Holme sa og at målet er at treskofabrikken skal koma inn på statsbudsjettet, slik at der årleg ligg driftsmidlar til å halda anlegget i stand. Til no er det elleve slike anlegget rundt i landet, og Sellevåg

Treskofabrikk er ein av tre anlegg som står på vent.

Ein lette
– Det er ein lette at fabrikken no er freda. Då vert det lettare å skaffa midlar. Det er mykje som skal haldast i stand, sa eigar Magne J. Sellevåg til Strilen under fredingsmarkeringa.

Sellevåg fortel at han overtok fabrikken etter far sin i 1973 sam­an med broren, men alt i 1975 måtte dei leggja ned pro­duk­sjonen fordi det ikkje var mark­nad for tresko lenger. Etter den tid dreiv han sagbruk, men den drifta er no og lagd ned. Etter at broren døydde, eig han fabrikken åleine.

Det var furu som vart nytta til å laga tresko, og tømmeret kom med båt frå indre Sogn.

På det meste arbeidde det tolv personar i fabrikken.

Turistbussar
Det er elles ikkje berre sjølve fabrikken med maskiner og utstyr som er freda, men røyrgata, demninga i Sellevågvatnet og kaien ved sjøen.

Sellevåg fortel at det hittil i sommar har vore fire turistbussar med folk som har sett på anlegget. Det er mest pensjonistar som kjem for å sjå.
No etter fredinga vil truleg interessa veksa.

Glade
Også ordførar Hallvard S. Oppedal i Gulen er glad for fredinga.

– Og eg må berømma eigarane for at dei såg verdien av å ta vare på dette, og at dei har vore på­drivarar fram mot freding. Då er det lettare å få med andre instansar og i prosessen, sa Oppe­dal.

Han trudde at anlegget også kan trekkja fleire turistar til kommunen.

Kunnskap
– Arbeidet fram mot freding av treskofabrikken starta alt i 1994, men det er først frå 2009 arbeidet skaut fart, kunne fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, fortelja.

Ho også rosa samarbeidet med Sellevåg-familien.

– Skal me lukkast, må me ha enkeltpersonar som er ei drivkraft, sa ho og trekte fram Magne J. Sellevåg sin kunnskap om fabrikken og formidlingsevne.

Ho framheva og Ove Losne­gård i Stiftinga Jensbua, som har hatt ansvar for mykje av det restaureringsarbeidet som er utført.

Til slutt vanka det både mat og kultur på dei om lag 25 som hadde møtt fram. Dei fekk og sjå filmen som er laga om tresko­fabrikken.


Nordhordland skriv: Riksantikvaren freda treskofabrikk
Nordhordland, Publisert 15.08.2012
FREDA: Magne Sellevåg med diplomet som syner
at Sellevåg treskofabrikk er freda.
Frå venstre: Mary Litlekarlsøy, riksantikvar Jørn Holme,
Magne Sellevåg, ordførar Hallvard Oppedal i Gulen og
fylkesdirektør for kultur Ingebjørg Erikstad.
Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune
http://www.nordhordland.no/nyhende/gulen/article6189923.ece

Riksantikvar Jørn Holme freda søndag 12. august Sellevåg treskofabrikk i Gulen. Dette symboliserer at fabrikken er eit kulturminne av nasjonal interesse. Fredinga vart markert med eit arrangement i treskofabrikken der over 30 inviterte gjestar deltok.

Sellevåg treskofabrikk vart bygd i 1899 og var i drift til midten av 1970-talet. Heile perioden vart det produsert tresko på dei opphavlege maskinene med opphavleg overføring av vasskraft ved hjelp av reimer og akslingar.

I dag representerer fabrikken ei produksjonsverksemd og eit produkt frå vår nære fortid, men som ikkje lenger er i bruk.

Svært autentisk

Treskofabrikken vart utvida i 1952, men det vart ikkje gjort fysiske endringar i produksjonslina på fabrikken. Maskinene vart ståande på den opphavlege plassen sin, og nye behov i samband med sagbruksverksemd vart løyste ved hjelp av tilbygg.

Etter utvidinga på 1950-talet er det gjort få endringar i fabrikken. Det betyr at maskiner og teknisk utstyr for produksjon av tresko og for å drive maskinene framleis står der det stod ved oppstarten i 1899. Dette gjer fabrikken svært autentisk. Det er heilskapen og det ekte og opphavlege som gjer Sellevåg treskofabrikk til eit kulturminne av nasjonal interesse.

Fredinga av treskofabrikken omfattar eksteriøret og interiøret til bygningane, slik som planløysing, materialbruk og overflatehandsaming. Detaljar som vindauga, dører, gerikter, listverk, eldstadar og fast inventar er også freda. Det same gjeld større laust inventar.

Film om tresko-produksjonen

Fredingsarrangementet søndag vart opna av søster til fabrikkeigar Magne Sellevåg, Mary Litlekarlsøy. Deretter var det helsing frå ordførar Hallvard Oppedal, før riksantikvar Jørn Holme erklærte treskofabrikken for freda. Deretter kom fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, med ei helsing frå fylkeskommunen.

Eigar Magne Sellevåg viste film om Sellevåg treskofabrikk. Gjennom denne fekk gjestane eit innblikk i historia til fabrikken, og i korleis treskoproduksjonen gjekk føre seg.

Litt om historia til fabrikken

Sellevåg treskofabrikk vart bygd i 1899 av bergensaren Jon Arnoldsson Kahrs. Fabrikken fekk namnet Bergens treskofabrikk. Maskinene for serieproduksjon av tresko vart kjøpte inn frå Tyskland, og krafta kom via akslingar og reimer som vart drivne av vasskraft.

Mest sko til Bergen

Fabrikken kunne produsera opp mot 60 000 par tresko i året, og mesteparten av produksjonen gjekk til Bergen. Marknaden for tresko var stor på byrjinga av 1900-talet, og fabrikken gjekk godt.

I 1952 kjøpte Joakim Sellevåg fabrikken og vassretten. Produksjonen av tresko heldt fram, men marknaden var på retur. Difor vart det starta opp produksjon av økse- og hammarskaft, samt vanleg sagbruksdrift. Produksjonen av tresko vart avslutta på 1970-talet, medan sagbruket var i drift ei god stund lenger.


NRK skriv: Sellevåg treskofabrikk er freda

Sellevåg treskofabrikk i Gulen blir freda av Riksantikvaren
Foto: Stein Magne Os/NRK


Av Sondre DalakerSondre.Dalaker@nrk.no
Publisert 10.08.2012, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8276949

Sellevåg treskofabrikk ligg inst i Gulen i Sogn. Fabrikken produserte tresko heilt fram til 1972 og er eit godt døme på småskalaindustri i Noreg.

Fabrikken har sidan 1994 vore eitt av dei utvalde teknisk/industrielle anlegga som har fått stønad frå Riksantikvaren over statsbudsjettet til vedlikehald og istandsetjing.

No vert fabrikken freda, og riksantikvar Jørn Holme vil sjølv vere til stades under ei markering av fredinga søndag 12. august.

Foto: Stein Magne Os/NRK

Ved Sellevåg treskofabrikk var det produksjon av tresko mellom 1899 og 1972. Under 2. verdskrig, då etterspørselen etter tresko var på topp, kunne fabrikken produsere kring 60.000 par i året. Frå 1952 vart òg sagbruk ei viktig brikke i produksjonslina.

Heilskapen og det autentiske i anlegget gjer at Sellevåg Treskofabrikk er eit kulturminne av nasjonal interesse. Anlegget har både viktige teknologihistoriske og arkitekturhistoriske verdiar.

Fredinga omfattar eksteriøret og interiøret til bygningane, slik som planløysing, materialbruk og overflatebehandling, og detaljar som vindauge, dører, gerikter, listverk, eldstadar og fast inventar. Fredinga omfattar òg større laust inventar.


Nationen skriv: Sellevåg treskofabrikk er freda
Riksantikvar Jørn Holme har freda Sellevåg treskofabrikk i Gulen kommune.
Sellevåg treskofabrikk vart bygd i 1899, frå 1899 til midten av 1970-tallet var det produsert tresko på dei opphavlege maskinene.

Foto: Marit Bendz
Publisert: 14.08.2012
http://www.nationen.no/2012/08/14/naring/sellevag_treskofabrikk/tresko/riksantikvaren/jorn_holme/7600232/

Heile perioden vart det produsert tresko på dei opphavlege maskinene med opphavleg overføring av vasskraft ved hjelp av reimar og akslingar.

Fabrikken kunne produsere opp mot 60.000 par tresko i året, og mesteparten av produksjonen gjekk til Bergen. Det er heilskapen og det ekte og opphavlege som gjer Sellevåg treskofabrikk til eit kulturminne av nasjonal interesse, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. (©NPK)


Strilen skriv: Ein skatt i Gulen

Ein skatt i Gulen

Søndag var riksantikvar Jørn Holme i Gulen for å markera at Sellevåg treskofabrikk er freda.
Av Ketil Tjore   Publisert 15.08.12 17:34 
http://www.strilen.no/leiar/ein-skatt-i-gulen2/ 

More Sharing Services

Holme hadde med seg papira som beviser at maskinene, bygget og anlegget rundt har status som freda, og vel så viktig ein lovnad om å jobba for årleg statleg støtte. Riksantikvaren har alt løyvt 5,3 millionar til fabrikken, og om ein kjem med mellom anlegga med fast støtte, vil det komma driftsmidlar kvart år.

Takka vera innsats frå eigar Magne J. Sellevåg og familien kan ein no gjera ei lita tidsreise i Sellevåg. Treskofabrikken var i drift frå 1899 til 1975, med ein produksjonstopp på kring 60.000 par i året. Det kan høyrast utruleg ut at ein laga tresko så seint som for 40 år sidan. I dag kan sko kjøpast i butikk og bestillast over nett, og tresko er noko som står på peishylla til pynt. 

Etter at maskinene stoppa, vart anlegget ståande urørt, og snart kan ein igjen sleppa vatnet på turbinen og laga tresko i Sellevåg. Holme rosa eigarane for viljen til å ta vare på fabrikken, og den positive innstillinga til freding. Ulikt mykje anna har fabrikken overlevt den perioden som det meste går inn i etter at det går av moten. Då vert både maskiner og anna rekna som avfall, og mange ting vert kasta før ein igjen ser verdien.

I Sellevåg såg dei verdien av maskiner og anlegg, og seinare har også Sogn og Fjordane fylkeskommune og statlege styresmakter komme til. Anlegget har alt til no vore ope for visning ved ulike høve, og det er også laga ein film  om anlegget. Etter kvart vil nok fleire få med seg den attraksjonen som treskofabrikken er.

Fabrikken fortel ei historie om ei anna tid, med eit produkt som bokstaveleg tala fekk bein å gå på. Kanskje kan denne historia også vera eit eksempel for andre, til korleis ein kan bevara enkelte ting for ettertida.


Nordhordland skriv: 800 000 til Treskofabrikken

Treskofabrikken i Sellevåg har fått 800 000 kroner frå Riksantikvaren for å setja i stand røyrgata. Tidlig neste år kan røyrgata vera på plass som i gamle dagar.

PÅ GAMLEMÅTEN: Treskofabrikken i Sellevåg har fått nye midlar til å setja i stand røyrgata. Røyrgata var i si tid klinka med glødande jernboltar og klingande hammarar, og slik skal også restaureringa skje.

Publisert 08.03.2007, Gro Anette Fanebust Kittang

http://www.nordhordland.no/nyhende/article2631865.ece  

- I fjor fekk vi 600 000 frå riksantikvaren, og no har vi fått 800 000 meir til restaureringa. Heile arbeidet med å setja i stand røyrgata er stipulert til vel to millionar, men vi kjem til å starta arbeidet fordi om vi ikkje har alle pengane, seier eigaren av treskofabrikken, Magne Sellevåg.

Røyrgata skal føra vatnet frå demninga og ned til turbinen. Det er Stiftinga Jensbua, som har søkt Riksantikvaren om midlar til å restaurera treskofabrikken. Stiftinga er eit samarbeid om kulturminnevern og reiseliv mellom HAFS-kommunane; Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og Gulen. Hovudmålet er å utvikla eit kultur- og naturbasert reiseliv i HAFS-regionen, som skal vera med på å styrka lokal identitet, livskraftige bygder og eit lønsamt næringsliv. Eit av verkeområda, er å setja i stand og gjera tilgjengeleg kulturminne.

Verdfull

Magne Sellevåg meiner at treskofabrikken er viktig for kommunen både som turistattraksjon, og med sin historiske verdi. Treskofabrikken var i over eit halvt hundreår i drift, og skapte verdifulle arbeidsplassar i distriktet. I Sellevåg var det treskoproduksjon frå 1899 –1975. Med eiga kraft frå Sellevågsvatnet og nær veg til både råmaterialar frå Indre Sogn og Bergen som stor marknad for tresko, låg forholda godt til rette for ein treskofabrikk. Sellevåg Treskofabrikk er i dag eit freda kulturminne.

– Det er heilt naudsynt med midlar dersom vi skal klara å ta vare på fabrikken, og vi treng endå meir pengar før både røyrgata og turbinen er på plass slik dei skal vera, seier Sellevåg. Han fortel at ei verksemd i Kristiansand er i gang og skal produsera røyra som skal klinkast på gamlemåten.

– Slik vert den kunnskapen også halden i hevd, seier Sellevåg.


Nyeste kommentarer

14.06 | 12:40

Var en tur innom fabrikken og fikk en demonstrasjon. Helt fantastisk hva de fikk til uten strøm, men med bare vannkraft. Rene skjære Reodor Felgen fabrikk.

17.05 | 11:52

Treng eit par tresko st.44,med "svung" i tåa. Svarte på utsida,til arbeid. Kan de senda dei?

09.06 | 09:11

Kan en kjøpe et par tresko, type Stril, de skal brukes til dekorasjon

02.11 | 09:13

Hvordan har et slikt anlegg klart å overleve urørt i de 40 årene som har gått i fra bedriften pakket sammen og frem til det ble fredet? Utrolig!